Aktivitetar
Oktober - 2017
ma ti on to fr
                  1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31          
«
»



Brukernavn

Passord





Du er her: Om oss » Trusopplæring

Trusopplæring for alle døypte


Den norske kyrkja døyper mange barn kvart år. Opplæring er ein naturleg oppfølging av dåpen.
”.... i det de døyper dei og lærer dei…. ”, sa Jesus i misjonsbodet. Den norske kyrkja utviklar ei systematisk og samanhengande trusopplæring for alle barn og unge mellom 0 og 18 år.

”Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar”, seier presten  under dåpen. Foreldre og fadrar er dei nærmaste til å formilde ei trygg barnetru. Kyrkjelyden vil vere ein medspelar og ressurs for heimen i dåpsopplæringa.

På Lye har vi ulike tidsavgrensa fasetilbod knytt til dåpsopplæringa (denne er nå (2014) under revisjon):
    0-1 år: Babysong
    2 år: Undretur i Time kyrkje, utdeling av cd
    4 år: Barnebibel-utdeling på familiegudsteneste og adventsklubb tre ettermiddagar.
    1. klasse: Dåpsskule 7 ettermiddagar, avslutting med påskevandring på gudsteneste.
    3. klasse: Under utvikling
    5. klasse: "Størst av alt", Bibelrangling i kyrkja, 7 ettermiddagssamlingar og 
                  gudsteneste.
    7. klasse: Under utvikling
    9.klasse: Konfirmasjon

Heimen er viktig arena for trusopplæring. Likeeins ser vi alt det kontinuerlege barne- og ungdomsarbeidet som viktige arenaer for utvikling av kristen tru og identitet.

Meir om trusopplæring: Sjå Trusopplæring i Time, eller Størst av alt