Brukernavn

Passord





Du er her: Om oss » Om oss

Kven er Lye forsamlinghus?

Lye forsamlingshus er eit samarbeid mellom 6 ulike eigarorganisasjonar. Arbeidet er organisert under to styre:

  •  Husstyret er sett saman av representantar for kvar av eigarorganisasjonane og har ansvar for drift og vedlikehald av huset.
  •  Lye forsamlingsstyre er valt av årsmøtet og har ansvar for utvikling av kyrkjelydsarbeidet.


Gudstenester: Anna kvar søndag har vi gudsteneste kl. 10.30 på forsamlingshuset. Det er dåp og nattverd på nokre av gudstenestene.  Desse vert laga i nært samarbeid mellom prest og gudstenesteutval. Det er søndagsskule for barna under gudstenestene.

Møte: Onsdagar arrangerer organisasjonane møter.

Viktig satsing: Barne- og ungdomsarbeid er viktige satsingsområde.

Byggje kyrkjelyden: Vi ønskjer å byggje kyrkjelyden gjennom å leggje til rette for livsnære, gudsnære og inkluderande fellesskap.

Utfordring 1: Middag for 6 – vi møtest privat og blir betre kjent i uformell drøs over matbordet. Kontaktperson: Anna Bergitte Skårland, tlf 99026276 eller e-post annabergitte@gmail.com. Du kan og gå inn på menyvalet Vaksne\Middag for 6 for meir info og påmelding.

Utfordring 2: Tenestegrupper – Det praktiske arbeidet er fordelt på ulike grupper med avgrensa ansvarsområde. Kontaktperson: Leiar i Lye forsamlingsstyre.

Utfordring 3: Bibelgrupper, husfellesskap, misjonsforeiningar. 


Eigarorganisasjonane:

    NLM - Norsk Luthersk Misjonssamband
    NMS - Det Norske Misjonsselskap
    Normisjon
    Imf - Indremisjonsforbundet
    Norges KFUK-KFUM
    Time sokneråd