Aktivitetar
Desember - 2017
ma ti on to fr
            1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
«
»



Brukernavn

Passord





Du er her: Tjenestegrupper » Lyd

Lydgruppa

Denne gruppa består av personar som går på forsamlingshuset og kan det å styre lyd meir enn gjennomsnittet, vi får ikkje panikk av å sjå utstyret. Vi er ein ressurs som ønskjer å hjelpe til når det er arrangement som treng det store anlegget, men vi er menneske og har grenser.

Spør, så skal vi sjå kva vi kan få til!

Som du kanskje har lagt merke til, er det noko arbeid i samband med lyd under søndagssamlingane og andre møter som krev meir enn det anlegget som er fast montert. Det hadde vore enklare om ein kunne dele dette arbeidet på fleire. Det gjeld primært å styre lyden på sundagssamlingane. Er du litt interessert eller ønskjer å gjere ein innsats, er det bare å ta kontakt. Så skal vi ordne det slik at du også kan bli med å gjere ein innsats som blir sett pris på. Å lage god lyd på møter krev ressursar, men til gjengjeld blir det sett stor pris på!

Det er kjekkare å vere fleire, og arbeidet på den einskilde vert då mindre.

Vi i lydgruppa på forsamlingshuset driv også med utleige av lyd og lysutstyr til ulike arrangement, det er bare å ta kontakt for nærmare info og prisar. Ved å leige hos oss, støttar du gruppa økonomisk, slik at ein kan investere vidare i nytt utstyr, og vedlikehalde det utstyret vi allereie har.

Leiar for lydgruppa er Ole Hauge.