Aktivitetar
Desember - 2017
ma ti on to fr
            1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
«
»



Brukernavn

Passord





Du er her: Vaksne » Middag for 6

Middag for 6

Middag for seks tar ein pause våren 2017, men startar opp igjen hausten 2017.

Middag for 6 er eit tiltak i regi av Lye Forsamlingshus, med dette enkle målet:  At folk skal bli betre kjende med kvarandre!

Kva er det? - Middag for 6 er organiserte besøk der du blir plassert saman med ulike folk kvar gong. Den som er vert, lagar middag eller kveldsmat til dei som kjem. Under maten går drøset, og målet er å skapa nye vennskap eller utvikla gamle venskap.

Alle kan vera med! - Ein treng ikkje ha tilknyting til forsamlingshuset for å vera med, og ein treng ikkje vera kyrkjeleg aktiv. Vårt ønske er at dette kan vera ein måte å bli kjent med folk på Lye på tvers av dei etablerte fellesskapa.

Påmelding - Du kan melda deg på og vera med fast, eller du kan melda deg på frå gong til gong viss ikkje du ønskjer å vera med fast. Ein kan melda seg på åleine eller saman med kjærast/ektefelle. 

Travel? - Middag for 6 er for den travle. Det tar bare ein kveld 2-3 gonger i semesteret. Ein treng ikkje ha ein spesiell kveld ledig, for kvar gruppe avtalar sjølv når dei skal treffast. 

Spørsmål? - Lurer du på noko, eller ønskjer å vera med, ta kontakt med Anna Bergitte Skårland (990 26 276/annabergitte@gmail.com) eller meld deg på via dette skjemaet: Påmelding for Middag for 6

Middag for seks tar ein pause våren 2017, men startar opp igjen hausten 2017.