Aktivitetar
Desember - 2017
ma ti on to fr
            1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
«
»



Brukernavn

Passord





Du er her: Barn » Lye Søndagsskule

Velkommen til Lye Sundagsskule!

 

Info om Lye Sundagsskule!

Lye Sundagsskule er sundagsskulen på Lye Forsamlingshus.

Det er sundagsskule mest kvar gong det er gudsteneste. Gudstenesta begynner kl 10:30. Ungane er først saman med dei vaksne inne i hovudsalen, før dei går til sundagsskulen rundt kl 11:00.

Barn som er på besøk, er òg hjarteleg velkomne på sundagsskulen!

 

Kontaktinfo

Hovudleiar: Anne Gunn D. Vassbø, tlf 48 10 39 49

Facebook-gruppe for foreldre/føresette: facebook.com/groups/559842380784748

Web: www.lyeforsamlingshus.no

Oppmøte og registrering

Alle barna får sitt eit eige oppmøtekort, med nøkkelband. Desse leverer dei inn når sundagsskulen er ferdig for dagen. Barna samlar på klistermerker i oppmøtekortet, og får ein liten premie etter fem og ti oppmøte.

Registrering begynner ca kl 10:10 i hovudinngangen, der ein får utdelt oppmøtekortet og klistermerke. Det blir alltid hektisk rett før halv elleve, så det er fint om ikkje alle kjem 10.29…

Er barnet på besøk, kjem for første gong, eller kortet er oppbrukt, får ein nytt kort.

Ulike typar sundagsskule

·        Vanleg sundagsskule begynner ca kl 11:00. Dei fleste barna er med på gudstenesta først, som begynner kl 10:30 i hovudsalen. Når ein går til sundagsskulen, går ein til ulike grupper for andakt, song, leik og aktivitet. Dei ulike gruppene er:

o   Rød gruppe: 0-5 år                            (vanlegvis i barnehagen i kjellaren,

foreldre kan vera med ved behov)

o   Blå/grøn gruppe: 1.-4. klasse         (vanlegvis i «heisgangen» i kjellaren)

o   AlfaKrøll: 5.-7. klasse                                    (vanlegvis på ungdomsloftet)

·        Forenkla sundagsskule har ein ofte i feriar eller i semesterstarten. Då blir det eit enklare opplegg, gjerne med visning av film.

·        Gudsteneste for store og små er gudsteneste for alle aldrar. Då er alle samla i storsalen heile tida, og det er ikkje eigne sundagsskulegrupper.

·        BIBELSPRELL-sundagsskule er eit litt anna opplegg. Det begynner inne i hovudsalen kl 10:30. Først er det ca. 30 min med drama, song og andakt for barn og vaksne i fellesskap. Deretter går barna i samtalegrupper (ca. 15-20 min), og til slutt er det ulike spennande aktivitetsgrupper (ca. 45 min). 



Samtalegruppene i BIBELSPRELL-sundagsskule er delt inn slik:

    • o   Krokodille Fødde i 2012 og seinare

Stad: Barnehagen i kjellaren

o   Nashorn: Fødde i 2011 og Elefant: Fødde i 2010
Stad: Barnehagegang/garderobe (i kjellaren)

o   Løve: Fødde i 2009
Stad: Lang gang mellom barnehagegang og "heisrom"

o   Sebra: Fødde i 2008
Stad: «Heisrom» i kjellaren

o   Blå fisk: Fødde i 2007
Stad: Lang gang innforbi ungdomsloftet

o   ALFAKRØLL og leiarar – jenter: Fødde i 2006 og eldre
Stad:  Ungdomsloftet

o   ALFAKRØLL og leiarar – gutar: Fødde i 2006 og eldre
Stad:  Kontoret oppe

Aktivitetsgruppene i BIBELSPRELL-sundagsskule er ulike frå gong til gong, men kan for eksempel vere: Forming, LEGO, leik, idrett, teikning, konkurransar, Lye-hallen, kunstgrasbanen, innebandy, fotball…

 

Leiarar, hjelpeleiarar og registreringshjelparar

Mange hjelper til i Lye sundagsskule. Det er flott at så mange vil vera med! Leiarane har mykje kjekt saman. Me samlast for å planleggja sundagsskule, gjennomføra sundagsskule, og me finn på andre kjekke ting saman (teambuilding, kurs, turar, peparkakehusbygging osv.). Her er aldersgruppene for å vere med som leiar:

·        Registreringshjelpar: 7. klasse (ein kan vera med frå 6. klasse om ein har gjennomført «SLUSH-kurs»)

·        Hjelpeleiar: 8. klasse og oppover

·        Leiar (over 15år): Må framvise politiattest (prosessen med dette er i gang)

Hjelpeleiarar og leiarar i Lye Sundagsskule kan få dekka utgifter for å reisa på ulike leiarkurs.

 

Kontingent

Ved å betale kontingent, blir ein medlem. Kontingenten er kr 50 pr. barn pr. kalenderår. Jo fleire betalande medlemmer, dess meir kommune- og statsstøtte J Me oppmodar alle som går regelmessig i sundagsskulen til å betale kontingent. Ein del vil få giro tilsendt i posten. Elles kan kontingenten betalast inn til kontonummer: 3325.21.06885. Merk med namn og fødselsår. Betalingsfrist: 31. desember.

Har du spørsmål?


Lurer du på noko som gjeld sundagsskulen, kan du kontakte hovudleiar (sjå lenger opp), eller ta tak i ein av leiarane som har svarte eller kvite sundagsskule-T-skjorter på seg – sjå  etter sundagsskulefisken...!